Idun Stavseng på idrettsutveksling i Zambia
Heisann
“Det har gått litt over to månadar av reisa som både har gått raskt og sakte. I løpet av dei siste to månadane har vi vore på introveke på NIH, ei introduksjonsveke i Nairobi, Kenya i regi av NOREC, og ei introduksjonsveke i Lusaka, Zambia i regi av våre lokale organisasjonar her. Lusaka er også byen eg held til i no, har jobba i dei siste 1,5 mnd, og kor eg kjem til å jobbe fram til juni i 2024!
Her i Lusaka jobbar eg ca. 50-50 for Universitetet i Zambia (UNZA) og NOWSPAR. På UNZA jobbar eg med fasilitering av studentidrettstilbudet gjennom å vere med å arrangere arrangement i regi av Universitetet, førebuing av universitetslaga før Studentleikar, fasilitere for laga og studentidrettssttyret på Universitetet ellers i løpet av året, samt etablere nye prosjekt og idéar om eg ønsker og har det. I NOWSPAR jobbar eg i hovudsak med å fasilitere på arrangement i regi av organisasjonen, og rapportering av antal deltakarar som er med på arrangementa våre. I tillegg til dette får eg vere med å prøvespele på eit fotballag i byen, kor eg seinare skal få prøve å vere med som trener (har aldri vore dette før, så det er verkeleg ut av komfortsona, men blir spennande!”
På fritida
“Til no har eg fått opplevd mykje! Idrettsdagen til UNZA med over 3000 deltakarar skjedde allereie første arbeidsveka mi her, og etter det har vi feira International Day of University Sports (IDUS) med tautrekkingskonkurranse, Studentleikar med over 1500 deltakarar i Kabwe, ein by tre timar i bil vekk frå Lusaka, Inclusive Sports Day med NOWSPAR, og fleire Banner events med NOWSPAR, der vi samlar 200-300 jenter og snakkar om alt frå økonomistyring til menstruasjon for å auke kunnskapen rundt dette.
Å høre “Obama, Obama, Obama” (Zambisk konduktørtonefall) har difor no blitt kvardagskost på veg heim i den alt frå 30min-1,5 times lange turen heim igjen til vertsfamilien i Obama. Kvardagskost kan ein også kalle det å ete mat, og shima spesielt, med hendene, å måtte ha med seg dopapir overalt kor ein skal på do, spørre “How are you?” til dei ein møter (uansett om ein kjenner den ein pratar med eller ikkje), solkremlukt, african time <3, støv og sand kor enn ein går og nydelege solnedgangar.
Så livet her har verkeleg ulikt livet i Norge og har vore noko å bli vandt til på alle plan. Det har vore både glede og irritasjon, og oppturar og nedturar til no, men det nytes til det fulle kvar dag!”