Reisebrev fra BSI Volleyball

BSI Volleyball var et av lagene som representerte Norge og norsk studentidrett i European Universities Games 2012.
Her kan du lese jentenes reisebrev fra Spania.

Etter siger i Bergen Challenge i oktober var vi kvalifisert til å delta i Student-EM i Córdoba, i Spania. Ein moglegheit vi ikkje kunne sei nei til. Våren vart brukt til organisering og førebuing, og vi haldt fram med å trene sjølv om den norske innandørssesongen var over.

10. juli var vi klar for avreise, og det var godt å bytte ut regnfulle Norge med solfylte Spania.

Vi fekk det tøft i puljespelet med motstandarlag frå Serbia og Frankrike. I kampen mot Serbia tapte vi klart 3-0. Dei serbiske jentene var høge, og var spesielt gode i blokk og angrep. I første settet sleit vi både i mottak, angrep og på serv. Det tok seg opp i andre settet, og vi klarte å gje Serbia litt meir motstand. Siste settet vart dessverre likt det første, og vi tapte klart.  

Kampen mot Frankrike vart jamnare og langt meir spennande. Vi følgde kvarandre tett i første sett. Vi hadde sett-ball, men Frankrike slo tilbake og vant 29-27. Dei neste to setta vart også jamne, men Frankrike trakk det lengste strået og vant 25-23 i begge. I denne kampen hadde vi verkeleg sjansen til å vinne og avansere vidare til kvarfinale, men to tap i pulja gav 3. plass, og spel om 9.-12. plass.

I dei resterande kampane vann vi 3-1 mot Israel, og tapte 1-3 mot Portugal, noko som gav oss 10. plass av totalt 15 lag. Vi hadde håpa på å bite endå betre i frå oss i turneringa og kanskje nå ein kvarfinale, men alt i alt har det vore veldig kjekt og lærerikt å spele mot nye lag. Fleire jamne kampar har gitt god kamptrening, noko vi tar med oss i komande volleyballsesong.

Utanom det sportslege har vi brukt mykje av tida på avslapping på takterassen. Vi var så heldige at vi havna på et fint hotell med basseng på taket. Temperaturen låg for det meste opp mot 40 grader, så vi var overlukkelege for å få eit hotell med aircondition og eit avkjølande basseng. Varmen vart dermed ikkje noko problem, sjølv om det blei nevnt et par gongar at å gå ut var ”som å få ein hårfønar i ansiktet”.  Vi kunne ete lunsj og middag på campus ved universitetet dersom vi ville, men maten der var kanskje ikkje heilt på topp, så restaurantar i nærleiken av hotellet vart eit godt alternativ. Den amerikanske restauranten Hollywood blei mykje brukt, og der hadde dei også gode dessertar! Litt vandring rundt i Cordoba blei det også tid til, og vi fekk sjå mange av dei gamle og vakre bygningane Cordoba kunne by på.  Vi har hatt ein veldig kjekk tur med godt utbytte både sportsleg og sosialt :)

Vi vil også benytte anledningen til å takke NSI for støtta både organisatorisk og økonomisk. Den har vært heilt avgjørende for at vi fikk oppleve dette!

Hilsen fra glade BSI- jenter! 

Norske deltakere EUG 2012

Volleyball
BSI (damelag)
NIHI (damelag)
NIHI (herrelag)

Tennis
BI Bergen Studentidrettslag (herrelag)

Futsal
Juristforeningen Studentidrettslag (damelag) 

Håndball
NTNUI (herrelag) 

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler